Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva land var dei sterkaste motstandarane av kolonifrigjeringa?
  2. Kvifor fekk Mobutu i Kongo støtte frå USA og Vesten?
  3. Kva for ein viktig ressurs fanst i Biafra?
  4. Kva var apartheid?
  5. Kven er Nelson Mandela?
  6. Kven sat med makta i Zimbabwe etter 1923?
  7. Kva er meint med MUL-land?
  8. Kven vann valet i Liberia i 2005?
  9. Kven var Kwame Nkrumah?
  10. Korleis kom Ibrahim Suharto til makta i 1965?
  11. Kva land var dei «fire tigrane»?
  12. Kva er meint med NIC-land?
  13. Kven er Aung San Suu Kyi?
  14. Kva slags styresett har Nord-Korea?
  15. Kvifor vart Juan Peron ein populær leiar i Argentina?
  16. Kva skjedde i Chile i 1973?
  17. Kvifor handla Cuba med Sovjetunionen og Aust-Europa?
  18. Kven var sandinistane?
  19. Kvifor kom livsgrunnlaget for indianarane i regnskogen i Brasil i fare?
  20. Kva er OPEC-landa?
  21. Kva gjekk kravet frå u-landa om ei ny økonomisk verdsordning (NØV) ut på?
  22. Kva gjekk strukturtilpassingsprogrammet til IMF ut på?
  23. Kva er FNs tusenårsmål nummer éin?
  24. Kva er meint med globalisering?
  25. Kva er mikrokredittar?
  26. Kva vart det forhandla om i Kyoto i 1997?
  27. Kva slags politisk system meinte Francis Fukyama ville dominere etter den kalde krigen?
  28. Kva slags konfliktar meinte Samuel P. Huntington ville prege verda etter den kalde krigen?
  29. Kvifor fekk Al Gore fredsprisen i 2007?
  30. Kven fekk Al Gore fredsprisen saman med?