Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Korleis prøvde Japan å få tak i råvarer og marknader før 1945?
  2. Korleis var situasjonen i Japan etter nederlaget i 1945?
  3. Korleis behandla USA Japan i perioden 1945–1952?
  4. Kva gjorde det mogleg for japanarane å skape den nest største økonomien i verda på få tiår?
  5. Kva miljøproblem fekk Japan i 1960-åra?
  6. Kva har Kina og andre asiatiske land særleg kritisert Japan for?
  7. Kva gjorde Kina for å bli kvitt utanlandsk innverknad etter revolusjonen i 1912?
  8. Kvifor vart det kinesiske kommunistpartiet stifta?
  9. Kvifor vart det borgarkrig i Kina frå slutten av 1920-åra?
  10. Kvifor sigra kommunistane i borgarkrigen i 1949?
  11. Kva ville Mao Zedong oppnå med folkekommunane og det store spranget?
  12. Kvifor vart det store spranget mislykka?
  13. Kvifor sette Mao Zedong i gang kulturrevolusjonen?
  14. Korleis utvikla forholdet mellom Kina, USA og Sovjetunionen seg?
  15. Kva var målet for politikken til Deng Ziaoping i Kina etter 1978?
  16. Kva positive og negative sider følgde med moderniseringa av Kina?
  17. Kva har Kina vorte kritisert for av Vesten?
  18. Korleis har Kina reagert på vestleg kritikk?
  19. Kva var bakgrunnen for stiftinga av Den muslimske ligaen i India?
  20. Kva for ein politikk førte indarane under den første verdskrigen?
  21. Kva for ein taktikk førte Gandhi mot det britiske kolonistyret?
  22. Kva for ein politikk førte indarane under den andre verdskrigen?
  23. Kvifor gav britane opp styret av India i 1947?
  24. Kvifor vart britisk India delt i India og Pakistan?
  25. Kva var hovudinnhaldet i politikken til Nehru?
  26. Korleis prøvde Indira Gandhi å modernisere India?
  27. Kvifor vart Indira Gandhi drepen i 1984?
  28. Korleis utvikla økonomien i India seg frå 1990-åra?
  29. Kva problem har særleg indiske kvinner stått overfor?