Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kvifor vart vestlege land interesserte i Midtausten på 1800–1900-talet?
  2. Kvifor fekk ikkje arabarane ein eigen stat etter den første verdskrigen?
  3. Kva var målet til Den muslimske brorskapen frå 1928?
  4. Korleis vart Saudi-Arabia til?
  5. Kvifor lova britane jødane ein nasjonal heim i Palestina?
  6. Korleis reagerte den palestinske befolkninga på jødisk innvandring?
  7. Kvifor støtta USA grunnlegginga av staten Israel?
  8. Kvifor støtta Sovjetunionen grunnlegginga av staten Israel?
  9. Kva vart resultatet av den israelsk-arabiske krigen i 1948–1949?
  10. Korleis reagerte Storbritannia og USA på at Iran nasjonaliserte oljen i 1951?
  11. Kva vart resultatet av Suezkrisa i 1956?
  12. Kvifor protesterte Den muslimske brorskapen mot at Nasser hadde kontakt med Sovjetunionen?
  13. Kva hadde PLO som mål da organisasjonen var stifta i 1964?
  14. Kva vart resultatet av seksdagarskrigen i 1967?
  15. Kvifor begynte palestinarane med terroraksjonar?
  16. Kvifor satsa president Sadat i Egypt på USA i staden for Sovjetunion?
  17. Kva gjekk Camp David-avtalen i 1979 ut på?
  18. Kvifor fall styret til sjahen i Iran i 1979?
  19. Korleis kom Saddam Hussein til makta i Irak?
  20. Kvifor gjekk Saddam Hussein til krig mot Iran i 1980?
  21. Kvifor invaderte Saddam Hussein Kuwait i 1990?
  22. Kva var hovudinnhaldet i Osloavtalen frå 1993?
  23. Kva saker vart utsette i Osloavtalen?
  24. Kvifor støtta USA Osama bin Laden i Afghanistan fram til 1989?
  25. Kva skulda Osama bin Laden saudiarabiske herskarar for?
  26. Korleis reagerte FN på terroråtaket Al Qaida retta mot USA i 2001?
  27. Korleis grunngav president Bush invasjonen av Irak i 2003?
  28. Kvifor godkjende ikkje FN invasjonen av Irak?
  29. Korleis var holdninga i Noreg til grunnlegginga av staten Israel?
  30. Kvifor vart nordmenn valde som meklarar mellom israelarar og palestinarar?
  31. Kvar i Midtausten har Noreg hatt FN-styrkar?
  32. Kvifor valde Noreg å delta i invasjonen av Afghanistan i 2001?
  33. Kvifor valde Noreg å ikkje delta i invasjonen av Irak i 2003?