Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva hovudmål hadde Fellesprogrammet?
  2. Korleis prøvde Arbeidarpartiet å styre den økonomiske utviklinga etter krigen?
  3. Kva sosiale reformer vart vedtekne i 1940- og 1950-åra?
  4. Kva ville Arbeidarpartiet oppnå ved hjelp av nasjonalbudsjett?
  5. Korleis vart pengane frå Marshallhjelpa brukte i Noreg?
  6. Kvifor mista dei norske kommunistane mykje oppslutning frå slutten av 1940-åra?
  7. Kva var innhaldet i baseerklæringa frå 1949?
  8. Kva oppgåver fekk Nordisk Råd?
  9. Kvifor tok Noreg til å gi u-hjelp i byrjinga av 1950-åra?
  10. Kva var bakgrunnen for at Sosialistisk Folkeparti vart stifta i 1961?
  11. Kva saker prioriterte Kristeleg Folkeparti dei første tiåra etter 1945?
  12. Kva var hovudinnhaldet i folketrygdlova?
  13. Kva delar av industrien klarte seg best i 1960-åra?
  14. Kvifor tok stadig fleire gifte kvinner lønt arbeid i 1960-åra?
  15. Korleis påverka privatbilen reisevanane til folk i 1960-åra?
  16. Kva er meint med «det antiautoritære opprøret»?
  17. Kva grupper var motstandarar av norsk medlemskap i EF i 1972?
  18. Kva reglar utarbeidde Stortinget for oljeverksemda i 1970-åra?
  19. Kvifor vart Noreg strategisk viktigare i 1970-åra?
  20. Korleis vart havgrensene fastsette mellom statane i Nord-Atlanteren etter 1970?
  21. Kva politiske parti vart stifta i 1970-åra?
  22. Kva reformer vart vedtekne i 1970-åra?
  23. Kva utanlandske førebilete hadde Høgre i 1980-åra?
  24. Korleis liberaliserte Willoch-regjeringane det norske samfunnet i 1980-åra?
  25. Kva rolle spela Carl. I. Hagen for framgangen til Framstegspartiet?
  26. Kva sosiale problem skapte uro i 1980-åra?
  27. Kva var hovudkonklusjonen i Brundtland-rapporten frå 1987?
  28. Finn grunnar til at eit fleirtal av nordmennene sa nei til EU i 1994.
  29. Kva var innhaldet i EØS-avtalen mellom Noreg og EU?
  30. Kva var «Alta-saka»?
  31. Kvifor er 1989 eit merkeår i historia til det norske samefolket?
  32. Kvifor auka innvandringa til Noreg etter 1970?
  33. Kvifor vart mange arbeidsplassar i industrien borte i 1970- og 1980-åra?
  34. Kva låg bak oppgangen i norsk næringsliv etter 1993?
  35. Kva er meint med mindretalsparlamentarismen frå 1989 til 2005?
  36. Kva parti danna den raudgrøne regjeringa i 2005?
  37. Kva var hovudinnhaldet i den norske engasjementspolitikken i 1990-åra?
  38. Nemn nokre hovudtrekk ved forholdet mellom Noreg og Russland etter 1990.
  39. Korleis vart det norske forsvaret endra etter avslutninga av den kalde krigen?