Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva er meint med kald krig?
  2. Kva vil det seie at USA og Sovjetunionen stod mot kvarandre i konfliktar ved hjelp av andre aktørar?
  3. Kva land hadde vetorett i Tryggingsrådet i FN?
  4. Kva er meint med jernteppet?
  5. Kva gjekk Trumandoktrinen ut på?
  6. Kva var Marshallplanen?
  7. Kvifor vart OEEC stifta?
  8. Kva oppgåver hadde COMECON?
  9. Kva var kuppet i Tsjekkoslovakia i 1948?
  10. Kva er meint med «titoisme»?
  11. Korleis var Tyskland og Berlin delte opp etter krigen?
  12. Kva var Berlinblokaden?
  13. Kva gjekk NATOs prinsipp om kollektiv tryggleik ut på?
  14. Kva var dominoteorien?
  15. Kva er meint med strategien «massiv gjengjelding»?
  16. Kva var Warszawapakta?
  17. Kva var Berlinmuren?
  18. Kva var sputniksjokket?
  19. Kva er meint med militært-industrielt kompleks?
  20. Kven var Fidel Castro?
  21. Kva er meint med terrorbalansen?
  22. Kva gjekk prøvestansavtalen av 1963 ut på?
  23. Kva gjekk ikkjespreiingsavtalen av 1968 ut på?
  24. Kva var FNL i Vietnam?
  25. Kva gjekk Bresjnevdoktrinen ut på?
  26. Kvifor invaderte Sovjetunionen Afghanistan i 1979?
  27. Kva var kommandoøkonomi?
  28. Kva er meint med perestrojka og glasnost?
  29. Kva gjekk CFE-avtalen ut på?
  30. Kva var det indre imperiet til Sovjetunionen?
  31. Kva meinte FN med «humanitær intervensjon»?
  32. Hva er meint med rakettskjold?