Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva skilde politikken til tsaren i Russland frå politikken som vart ført i Vesten?
  2. Kva kjenneteikna marxismen-leninismen til Lenin?
  3. Kva var det som løyste ut avviklinga av tsarstyret våren 1917?
  4. Kva var målet for revolusjonen til bolsjevikane hausten 1917?
  5. Kva reformer gjennomførte bolsjevikane?
  6. Kvifor vart det borgarkrig i 1918?
  7. Kva var Komintern?
  8. Kva var NEP-politikken?
  9. Kva er planøkonomi?
  10. Kva var Trotskij og Stalin ueinige om?
  11. Kva var hovudsiktemålet med femårsplanane?
  12. Kva var GULag-arkipelet?
  13. Kva var Moskvaprosessane?
  14. Kva var «The Red Scare» i USA?
  15. Kva gjorde USA til den leiande økonomiske makta i 1920-åra?
  16. Kva var årsaka til børskrakket i USA i 1929?
  17. Kva var hovudinnhaldet i New Deal-politikken til president Roosevelt?
  18. Kva var hovudinnhaldet i dei økonomiske teoriane til Keynes?
  19. Kvifor førte krisa i USA til ei økonomisk verdskrise?
  20. Kva kjenneteikna fascismen som ideologi?
  21. Korleis kom Mussolini til makta?
  22. Kva kjenneteikna den korporative staten?
  23. Kva var spartakistoppstanden i Tyskland i 1919?
  24. Korleis kom Hitler inn i politisk verksemd?
  25. Kva stod Weimarrepublikken for?
  26. Kva var hovudinnhaldet i den nazistiske ideologien til Hitler?
  27. Korleis vart Hitler statsminister (kanslar)?
  28. Korleis vart Hitler diktator (Führer) i Tyskland?
  29. Kva mål hadde Hitler med å einsrette Tyskland og forfølgje jødar?
  30. Kvifor vart Arbeidarpartiet revolusjonært i 1918?
  31. Kva førte striden om Moskvatesane til?
  32. Kva var Fedrelandslaget?
  33. Kva gjekk paripolitikken ut på?
  34. Kvifor stifta Quisling partiet Nasjonal Samling (NS)?
  35. Kva gjekk kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935 ut på?
  36. Kva gjekk hovudavtalen av 1935 mellom LO og N.A.F (NHO) ut på?
  37. Korleis behandla norske styresmakter minoritetar i mellomkrigstida?