Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Når braut den første verdskrigen ut, og kor lenge varte han?
  2. Kva legg du i uttrykket La belle epoque (Den vakre tida)?
  3. Kva var trippelalliansen?
  4. Kva var trippelententen?
  5. Kva dreia Haag-konferansane i 1899 og 1907 seg om?
  6. Kvifor vart den tredje Haag-konferansen avlyst?
  7. Kvifor vart Balkanhalvøya kalla «Det urolege hjørnet i Europa»?
  8. Kva var målet til serbarane på Balkan?
  9. Kva gjekk den panslaviske ideen ut på?
  10. Kven var Gavrilo Princip?
  11. Kva var blankofullmakta?
  12. Kva var karakteristisk for krigen på vestfronten?
  13. Kva var karakteristisk for krigen i aust og sør?
  14. Kven var Winston Churchill?
  15. Kva var Jyllandslaget?
  16. Kva førte søkkinga av passasjerskipet Lusitania til?
  17. Kva tyder uttrykket «uavgrensa ubåtkrig»?
  18. Kva skjedde 11.11. klokka 11 i 1918?
  19. Kven var Woodrow Wilson, David Lloyd George og Georges Clemenceau?
  20. Kva var dei 14 punkta til Wilson?
  21. Kvifor var tyskarane så negative til Versaillesfreden?
  22. Kva var «den polske korridoren»?
  23. Kva tyder namnet Jugoslavia?
  24. Kva var Folkeforbundet?
  25. Kva slags utanrikspolitikk førte Noreg under den første verdskrigen?
  26. Kva var trekongemøtet?
  27. Kvifor vart Noreg kalla den nøytrale allierte?
  28. Kva var jobbetida?
  29. Forklar uttrykket dyrtid.
  30. Kva konsekvensar fekk spanskesjuka for verda og for Noreg?