Taipingopprøret

Amerikanske og engelske offiserar var dei første til å organisere ein leigehær med europeiske og amerikanske leigesoldatar for å kjempe mot taipingopprøret. Men også franskmennene kom med. Utdraget som følgjer, er frå dagboka til ein fransk sjøoffiser som var med i ei hærferd mot opprørarane. Frå Charles Meyer og Ian Allen: Source Materials in Chinese History, London, Warne & Co. Ltd. 1970. Omsett av Marianne Sjursø.

Oppgave

  1. Kva inntrykk får vi av kinesarane gjennom dette dagbokutdraget
  2. Kva fortel det om krigføringa til europearane i Kina?

Kilde

Frå dagboka til ein fransk sjøoffiser

1. april (1862).
I dag har dei franske og britiske admiralane vedteke å sende fleire ekspedisjonar mot taipingopprørarane, for dei får lov til å breie seg meir og meir av di dei kinesiske styresmaktene er duglause og feige. For britane er det svært viktig at dei silke- og teproduserande områda held fram med å sende produkta sine til Shanghai, og at den opiumen som blir dyrka i Bengalen, framleis skal få gjere sin giftverknad mellom kinesarane. (...)

3. april.
I dag tok dei franske og britiske styrkane ut. Om lag ein kilometer bortanfor Zi-ka-wei fann vi berre ruinar og øydelegging. Så langt var opprørarane komne. På same vis som vi såg det nær Shanghai, var det sett ut ganske mange kister langs vegen. (...)

4. april.
Vi stansa 800 meter frå leiren til opprørarane. Britane var etter oss, så vi stansa våre folk og venta på at det britiske artilleriet skulle kome fram. Ikkje lenge etter var dei der, og i slagformasjon gjekk vi framover mot det flaggprydde fortet. Britane var til høgre, våre folk var til venstre, og artilleriet framfor oss. Det opna eld på 600 meter, medan folka til Ward gjekk i skyttarlinje til høgre.

Fienden svara med mykje lyd og klang, og vi var glade for å oppdage at artilleriet deira var svært dårleg. På om lag 150 meter vart mine folk sette på to åtaksrekkjer. Brått stogga elden frå fienden alle stader (...) Vi valde å setje etter dei med det same, men dei fekk eit godt forsprang i og med at dei sleppte alle våpen og lét alt liggje som kunne hindre dei i å rømme. I mellomtida strøymde soldatane i den kinesiske bataljonen vår inn i leiren saman med ein del av folka til Ward og alle kuliane våre, og der tok dei store mengder krigsbytte. Etterpå sette dei eld på leiren, og det brann heilt til kvelds. (...)

Da vi hadde forfølgt dei ein times tid, gav vi opp, for vi var nokså slitne. (...)

16. mai.
Regnet strøymer ned som før. Vi nådde fram til byen Nan-ch’iao, som har 25 000 innbyggjarar. Her har opprørarane eitt av sine sterkaste støttepunkt (...)

18. mai.
Granatane har sett Nan-ch’iao i brann, og byen er plyndra av bøndene frå landsbygda rundt. Forsvarsstillingane var sterke. Midt på dagen, da vi trudde at taipingopprørarane hadde rømt, var det små grupper av dei som gjekk til åtak på oss og vart drepne etter djerv strid. Vi tok mange hestar og muldyr og store mengder mat. Ingen unge kvinner. Tok 2000 fangar, men veit ikkje kva vi skal gjere med dei. Pater Lemaître avhøyrde dei, og etter dei svara dei gav, delte vi dei inn i to kategoriar: dei som såg ut til å vere rimeleg greie folk vart sette fri og måtte love at dei aldri meir skulle tene Taiping; men dei som meir såg ut til å eigne seg for galgen, vart overleverte til dei keisarlege troppane som kom etter oss, og vart drepne av dei. Vi sette etter oss ein garnison på 100 franske infanteristar og like mange britar i Nan-ch’iao.