Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva tyder ordet ideologi?
  2. Kva ideologiar stod mot kvarandre dei første tiåra etter den franske revolusjonen?
  3. Kva meinte Edmund Burke om samfunnet?
  4. Kva gjekk den økonomiske liberalismen ut på?
  5. Kva meinte sosialistane om statsleiinga?
  6. Kva var Det kommunistiske manifestet?
  7. Kven var Pierre Joseph Proudhon?
  8. Korleis ville Eduard Bernstein skape eit sosialistisk samfunn?
  9. Kva meinte dei sosialliberale om rolla til staten?
  10. Kva meinte John Stuart Mill om røysterett for kvinner?
  11. Kva gjekk feminismen ut på?
  12. Kva var karakteristisk for den franske demos-nasjonalismen?
  13. Kva var karakteristisk for den tyske etnos-nasjonalismen?
  14. Kva tyder ordet antisemittisme?
  15. Kva er ein progrom?
  16. Kven var Otto von Bismarck?
  17. Kven var Giuseppe Garibaldi?
  18. Kven var Giuseppe Mazzini?
  19. Kva var Pariskommunen?
  20. Kva synspunkt hevda Charles Darwin?
  21. Kva er sosialdarwinisme?
  22. Kva vil det seie at Noreg og Sverige var i personalunion etter 1814?
  23. Kva legg du i ordet grunnlovskonservatisme?
  24. Kva var bondestortinget?
  25. Kva gjekk formannskapslova ut på?
  26. Kven var Marcus Thrane?
  27. Kva var Kautokeino-opprøret i 1852?
  28. Forklar kva som er meint med norske motkulturar.
  29. Kven var Hans Nielsen Hauge?
  30. Kven var Johan Sverdrup?
  31. Kva gjekk statsrådssaka og vetostriden ut på?
  32. Kva er parlamentarisme?
  33. Kva for politiske parti vart stifta i Noreg på 1800-talet?
  34. Kva rettar vann norske kvinner før den første verdskrigen braut ut i 1914?
  35. Kva var mellomrikslova og Riksakta?
  36. Kven var Christian Michelsen?
  37. Kva gjekk 7. juni-vedtaket ut på?
  38. Kva vart resultatet av dei to folkerøystingane som vart haldne i Noreg hausten 1905?
  39. Kvifor valde Stortinget den danske prinsen Carl som ny norsk konge i 1905?