Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kvifor auka folketalet i Europa meir enn i andre verdsdelar frå byrjinga av 1700-talet?
  2. Kva gjekk innhegningslovene (enclosure acts) i England ut på?
  3. Kva legg vi i uttrykket heimeindustri?
  4. Kva er Thomas Newcomen og James Watt kjende for?
  5. Kvifor var det ein fordel å bruke steinkol i staden for trekol når ein skulle smelte malm?
  6. Kva var puddlingprosessen?
  7. Kva føresetnader hadde Storbritannia for å utvikle industri?Kva er Adam Smith kjend for?
  8. Kva var ein maskinstormar?
  9. Kva var New Poor Law?
  10. Kvifor hadde industrien i Tyskland så stor framgang i andre halvdelen av 1800-talet?
  11. Kvifor vart USA den leiande industristaten i verda før den første verdskrigen braut ut i 1914?
  12. Kvifor auka miljøproblema i verda etter midten av 1700-talet?
  13. Kva var The Alcali Act?
  14. Kva var folketalet i Noreg i år 1800?
  15. Kva var folketalet i Noreg i år 1900?
  16. Kven var kvenene?
  17. Kva gjekk Homestead Act ut på?
  18. Kva fekk det å seie for Noreg at navigasjonsakta vart oppheva i 1849?
  19. Kvar bygde gründerane dei første tekstilfabrikkane i Noreg?
  20. Kor mange yrkesaktive arbeidde i industrien rundt år 1900?
  21. Kva var konsesjonbe?
  22. Kva tyder uttrykket det store hamskiftet?
  23. Kva fekk jordskiftelovene å seie for bøndene i Noreg?
  24. Kvifor var slåmaskinen sjølve symbolet på det store hamskiftet?
  25. Kva var ein husmann?
  26. Kva var årsakene til at fiskeria i Noreg hadde framgang på 1800-talet?