«Det store hamskiftet»

I 1942 brukte diktaren Inge Krokann (1893–1962) uttrykket «det store hamskiftet» om omveltningane i bondesamfunnet i andre halvdel av 1800-talet. Utdraget er henta frå Det store hamskiftet, Det Norske Samlaget 1976.

Oppgave

  1. Kva hadde jernbanen å seie for norsk jordbruk?
  2. Kva vart lagnaden til husmennene?
  3. Kva var synet til Inge Krokann på «det store hamskiftet»?
  4. Les meir om «det store hamskiftet» i andre oppslagsverk. Diskuter kva for konsekvensar «det store hamskiftet» fikk for folk på landsbygda.
  5. Korleis påverka ”det store hamskiftet” tilhøva i ditt eige distrikt?

Kilde

«Det store hamskiftet»

Det fyrste som no skjedde, var at bondesamfunnet vart kløyvt i to, økonomisk sett, med eit heller smalt frynsebelte imellom.

Der jarnbane (og dampbåt) var dagleg gjest, gleid bygdene snøgt inn i dei former handel og industri – det vil si bylivet – skapte. Og både Hovudbanen, Drammensbanen, Kongsvingerbanen, Elverumsbanen og Størenbanen kom i gang no, og fleire andre litt seinare. Hadde ein korn å selje, var det lettvint å få avsetnad, men vanskeleg å nå i såpass prisar at det likevel svara seg. For no var det ikkje lenger dei endelause okselassferdene som frakta det billege russiske kornet fram til Svartehavs-hamnene, men jarnbanar og båtar som på stutt tid førde det frå åkrane der aust til dei norske byane og derifrå utetter alle bygder. (...)

Reint av seg sjølv tvinga no feavl seg fram i staden for kornavl for dei bygdene som hadde jarnbane, så transporten til byane fall lettvint. (...) Både smør og kjøt kunne òg frå desse bygdene nå fram til bytorga i fin kvalitet. Men storparten av bygdene var likevel utan jarnbane, og vart dermed utestengd frå den livlege jamne økonomiske sirkulasjon kring byane og industrisentra. Mjølka måtte som før gjerast til smør og ost, men dermed fylgde at det meste av dette vart selt i haustmånadene utetter til jul, når føret var lettast og vêret slik at varone vart minst skadde. (...)

Det er sikkert ikkje for mykje sagt at økonomisk sett var tida 1860–1910 ei einaste lang seigpinsle for det norske bondesamfunnet jamtover, frårekna dei bygdene som var nær knytte til byane med jarnbane. Difor var det òg no den store forbløding kom her i landet, som fyrst og fremst gjekk ut over bygdene: utvandringa.

Dei synder det gamle bondesamfunnet hadde gjort imot husmannsstanden og dei andre utestengde, fekk det i høg grad sone i den økonomiske nedgangstida utetter frå 1860. Frihandelsprinsippet i praksis, som her hjå oss m.a. synte seg ved at mest alt tollvern vart teki bort for jordbruksvaror, gav nok byfolk og husmenn og lausarbeidarar billegare mjøl og flesk, men drog prisane slik ned for bøndene at det direkte og indirekte arma ut mange. I 1900 hadde prisnivået for jordbruksvaror sokki til 83,2 frå 100 i 1870, men arbeidslønene hadde stigi til 177,2. Likevel var årsløna for dreng berre 218 kronor. I det nye arbeidsliv her heime, liksom på prærien i Amerika, spurdest det ikkje etter ætt og anar, men etter personleg dugleik, og det kunne husmannsguten og lausarbeidaren prestere like godt som gardmannssønene. Det nye miljø gav desse utestengde større økonomisk, og for mange sin del òg større personleg fridom, og dermed er det lett å skjøne at dei òg lett gleid over i dei kulturformer som høyrde dette miljøet til, og at mange vende seg med vanvørdnad eller stundom beint fram hat imot bondemiljøet.

På dette viset, av indre og ytre årsaker, var det gamle bondesamfunnet sprengt og i den sterkaste oppløysing, då hundreåret som gav bøndene grunnlova, slutta.