Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva var dei sentrale tankane i opplysningstida?
  2. Kva meinte Locke med folkesuverenitetsprinsippet?
  3. Kva meinte Montesquieu med maktfordelingsprinsippet?
  4. Kva var felles for dei menneska som kolonisterte Nord-Amerika?
  5. Kvifor gjorde amerikanske kolonistar opprør mot britisk overherredømme?
  6. Kva var bodskapen i den amerikanske sjølvstendefråsegna av 1776?
  7. Kva rolle spela Frankrike i den amerikanske revolusjonen?
  8. Kva var hovudinnhaldet i den amerikanske grunnlova av 1787?
  9. Kvifor kalla kong Ludvig 16. inn stenderforsamlinga i Frankrike i 1789?
  10. Kvifor var folk frå tredjestanden misnøgde?
  11. Kvifor danna medlemmer av stenderforsamlinga ei ny nasjonalforsamling?
  12. Kvifor storma folk i Paris festninga Bastillen 14. juli 1789?
  13. Kvifor sa adelen og dei geistlege frå seg føydale rettar?
  14. Kva var hovudinnhaldet i den nye menneskerettsfråsegna?
  15. Kvifor tvinga kvinner frå Paris kongefamilien inn til byen?
  16. Kva vil det seie at Frankrike vart eit konstitusjonelt kongedømme i 1791?
  17. Kven var dei mest kjende jakobinarane?
  18. Kven var sanskulottane?
  19. Kva slags reformer innførte Nasjonalkonventet?
  20. Kva ligg i omgrepet terrorstyret?
  21. Kva ligg i omgrepet «revolusjonen åt barna sine»?
  22. Kva erstatta Nasjonalkonventet i 1795?
  23. Korleis kom Napoleon til makta i Frankrike?
  24. Kva reformer gjennomførte Napoleon?
  25. Korleis vart Danmark-Noreg trekt med i Napoleonskrigane?
  26. Korleis vart Karl Johan tronarving i Sverige?
  27. Kvifor fekk Karl Johan lovnad om å få Noreg?
  28. Korleis fekk Kristian Fredrik norsk støtte til opprør mot Kielfreden i 1814?
  29. Kven leidde sjølvstendepartiet, og kven leidde unionspartiet?
  30. Kva prinsipp bygde Grunnlova av 17. mai 1814 på?
  31. Korleis reagerte stormaktene på det norske opprøret mot Kielfreden?
  32. Korleis kom Noreg i union med Sverige?
  33. Kva knytte Noreg og Sverige saman i unionen?